Geeks for allemannsnett

Nettet for oss! Breiband til folket! Pizza på Peppes!

Allemannsnettutvalet skal arbeida for breibandsnett til oss, og bidra til at kunnskap kjem inn i debatten om nett til folket (der folket er både heime og ute og på jobb og på skule og rundt omkring). Utvalet har nett starta arbeidet sitt, og vil gjerne koma i kontakt med folk som har tenkt rundt infrastruktur og tenester og teknologi.

Sidan Trondheim er godt utrusta med geeks, hadde Ingrid (på UNINETT) tenkt å kuppa ein fredags-pizza-samling av nerdar på Peppes klokka 1900 og ta med seg utvalsleiaren sin, Kristen Nygaard, og gå i lyttemodus eller eventuelt snakkemodus viss det er ingen andre som bryr seg om bandbreidde. Han vil gjerne møta Trondheimsmiljøet, og Ingrid veit ikkje om nokon betre måte ;)

Fakta:

URL for utvalet er mellombels (jobber med å få opp websider) http://odin.dep.no/krd/prm/1999/k4/991111.html