Subject: Re: TUUG: Innkallelse til nytt SPIST møte.
From: Magni Onsoien (magnio+tuug@pvv.ntnu.no)
Date: Thu Dec 05 2002 - 09:04:19 CET
On Wed, Dec 04, 2002 at 11:17:12PM +0100, Stian Soiland said:
> Hehe, nei, men jeg er enig, ta bort hele trolug, også lar vi tuug dekke
> alt i sammen.
Eg er altså heilt samd i at trafikkgrunnlaget ikkje tilseier at det er
behov for to lister. Grunnen til at eg misliker krysspostingar er at
det betyr at eg får to av alle meldingar, og det er irriterande: "Ah, 10
nye TROLUG-meldingar! *glede seg* Åååh, berre det same som i
TUUG-folderen jo. *skuffa*"
(Så korfor kan eg ikkje berre filtrere vekk ein kopi. For det fyrste:
_kva_ kopi skal eg filtrere vekk? TUUG eller TROLUG? For det andre: eg
bruker ulike adresser til dei ulike listene, dermed er det mindre
trivielt å filtrere dei saman. Og korfor skal eg det? - det er to ulike
lister med ulike, om enn overlappande tema, og då behandler eg dei som
det.)
(Eg kryssmailer likevel dette sidan det angår begge listene.)
Men altså: eg er gjerne med på ei samanslåing. TUUG har domenet tuug.no
(dvs, Initio har tuug.no og har stilt dette til disposisjon for TUUG.),
så eg foreslår at det opprettast ei ny fellesliste under tuug.no på ein
mailserver med mailman der vi kan få <liste>@tuug.no, og så kan dei
ansvarlege for TUUG- og TROLUG-listene merge dei to eksisterande listene
til den nye og sørge for at dei gamle adressene fungerer ei stund og
deretter vert gjort noko lurt med.
Forslag, dersom det er stemning for å slå saman listene:
1. Nokon med ein mailman-installasjon der vi kan få lister @tuug.no
melder seg frivillig til å ha listene hos seg.
2. Nokon sett opp mailman fint og flott der.
3. Dei ansvarlege for tuug- og trolug-listene melder seg, og bistår i å
flette dei saman på ein fornuftig måte.
4. Ny liste tas i bruk.
5. Dei gamle trolug- og tuug-listene fasast ut, feks med ei melding til
dei som bruker dei om at det er kome nye lister.
Viss det så viser seg at det vert for mykje trafikk på den nye lista er
eg i aller høgste grad open for å lage tema-spesifikke lister, samt
eventuelt ei moderert announce-liste for annonsering av møter (viss
nokon i dag synes det er for mykje trafikk på tuug- eller troluglista og
heller vil ha announce-liste, så sei frå - det er alltids fiksbart :-)).
> (Spørsmålet er bare om det blir noe fjås med dette med
> foreldremedlemskap for tuug og nug og uug eller hva det nå heter alt det
> der)
Hæ?
Meiner du no TUUG vs NUUG, altså Norwegian Unix User Group? I såfall er
det null problem, ettersom TUUG pr i dag har null og niks med NUUG å
gjere, iallfall ikkje formelt sett.
Magni :)
-- sash is very good for you.
This archive was generated by hypermail 2b25 : Thu Dec 05 2002 - 09:04:37 CET